Informasjon om planlagt migrering av virtuelle tenester.

Endringar i VMware sin lisens- og partnarmodell har ført til at leverandørar av VMware-baserte løysingar må endre korleis dei leverer virtuelle tenester til kundane sine. Dette gjeld også Tussa IKT, og difor vil vi i tida framover migrere aktuelle kundemiljø til Proxmox VE.

For dykk betyr dette først og fremst ei endring i den underliggjande plattforma. Det vil såleis ikkje vere endringar i funksjonalitet og kvalitet på tenesta. I samband med migreringa oppgraderer vi infrastrukturen vår med ny og kraftigare maskinvare, som kan gje betre ytelse for enkelte system.


Sjølve migreringa vil krevje planlagt nedetid.
Dette blir avtala med dykk på førehand, og vi legg opp gjennomføringa slik at påverknaden på drifta dykkar blir minst mogleg. Arbeidet vil i hovudsak skje på ettermiddag, kveld og noko helg.


Tussa IKT tek kostnaden for sjølve migreringa, så lenge det ikkje ligg føre særskilde ønskje eller krav utover standard gjennomføring.


Det er viktig å presisere at dette berre gjeld kundar som får VMware levert som teneste frå datasenteret vårt. Kundar med eigne VMware-løysingar er ikkje omfatta av denne migreringa.


Har du spørsmål i mellomtida, er du velkomen til å ta kontakt med din faste kontaktperson hos oss.


Med venleg helsing
Tussa IKT